Berekraftig Bygg - fagdag
sep.
26.
10:00 a.m.10:00

Berekraftig Bygg - fagdag

Hjarteleg velkomen til BEREKRAFTIG BYGG - fagdag på Skaparhuset!

Ulstein Næringsforum og Ulstein kommune ønsker å legge til rette for ein sosial og fagleg møteplass for byggnæringa på heile Søre der kunnskapsdeling, felles kompetanseløft, inspirasjon og motivasjon er målet.

Over to samlingar første og siste torsdagen i september set vi søkelys på bygg for framtida med berekraft og sirkularitet som sentrale stikkord.

Vi har invitert fleire dyktige og framoverlente aktørar frå fjern og nær som skal fortelje om prosjekta sine og arbeidet sitt med berekraft. Dette vil du ikkje gå glipp av!

Vi oppdaterer fortløpande på ulstein-nf.no etter kvart som komplett program tek form, men sørg for å halde av datoane og spreie ordet vidare allereie i dag

Gratis påmelding her: https://forms.office.com/e/138T4NQqEm

Vis arrangement →
Frukostmøte: Kommunikasjon, språk og kunstig intelligens
sep.
20.
8:30 a.m.08:30

Frukostmøte: Kommunikasjon, språk og kunstig intelligens

Fredag 20. september kl.8:30 får vi besøk av Åse Wetås, direktør i Språkrådet, og Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum, på Skaparhuset. Alle er velkomne! Tema for møtet er kommunikasjon, språk og kunstig intelligens. Vi kjem til å prate om;

  • Språkrådet som samfunnsaktør og korleis vi i næringslivet kan bruke tenestene deira

  • Auka turisme gir behov for ein meir kompleks kommunikasjonsstrategi – korleis kan vi tilpasse oss reiselivet og samstundes bevare språkleg og lokal identitet?

  • Korleis påverkar kunstig intelligens dagleg drift og kva er konsekvensane?

Vi ser fram til informasjon og god diskusjon rundt desse spørsmåla. Velkomne 🙂

Vis arrangement →
Berekraftig Bygg - fagdag
sep.
5.
10:00 a.m.10:00

Berekraftig Bygg - fagdag

Hjarteleg velkomen til BEREKRAFTIG BYGG - fagdag på Skaparhuset!

Ulstein Næringsforum og Ulstein kommune ønsker å legge til rette for ein sosial og fagleg møteplass for byggnæringa på heile Søre der kunnskapsdeling, felles kompetanseløft, inspirasjon og motivasjon er målet.

Over to samlingar første og siste torsdagen i september set vi søkelys på bygg for framtida med berekraft og sirkularitet som sentrale stikkord.

Vi har invitert fleire dyktige og framoverlente aktørar frå fjern og nær som skal fortelje om prosjekta sine og arbeidet sitt med berekraft. Dette vil du ikkje gå glipp av!

Vi oppdaterer fortløpande på ulstein-nf.no etter kvart som komplett program tek form, men sørg for å halde av datoane og spreie ordet vidare allereie i dag

Gratis påmelding her: https://forms.office.com/e/138T4NQqEm

Vis arrangement →
Back to Work
aug.
29.
4:00 p.m.16:00

Back to Work

Tidenes første Back to Work i Ulsteinvik!

Ein avslappa og sosial møtestad på tvers av bransjar er etterlyst i området vårt – no inviterer Ulstein Næringsforum inn både medlemmar og ikkje-medlemmar til det vi håpar vert eit årleg kick off og ein mjuk overgang frå ferien til eit nytt arbeidsår!

Dørene opnar kl.16, og det vil verte servert lett fingermat, godt i glaset og deilig loungstemning. Ulstein Næringsforum kjem til å nytte høvet til å dele ein smakebit av haustens happenings, og kanskje byr vi på underhaldning av eit slag? Kven veit 😉

Her skal alt ligge til rette for å kose seg saman med kollegane dine og danne nye bekjentskap.

GRATIS PÅMELDING HER INNAN 22. AUG

Gå til arrangement på:
Facebook
LinkedIn

Arrangementet vert sponsa av Sparebank 1 SMN <3

Vis arrangement →
Kurs: 3D-printing / additiv produksjon (dag 2)
nov.
1.
9:00 a.m.09:00

Kurs: 3D-printing / additiv produksjon (dag 2)

Bli med og få grunnkunnskap om 3D-printing. Prøv sjølv og lær korleis bedrifter rundt oss nyttar det til m.a. produktutvikling, forbetringsarbeid og produksjon. 3D-modellering og 3D-printing har eit veldig stort potensiale og kan nyttast til svært ulike formål. Det er også ulike måtar å 3D-printe på og ein kan nytte ulike materialar, som pulver, plast eller plater.

Vis arrangement →
Kurs: 3D-printing / additiv produksjon (dag 1)
okt.
25.

SommarCAMP 2023
juni
27.
til 6. juli

SommarCAMP 2023

Skaparhuset inviterer til sommarCAMP for ungdom i sommarferien. Her vil det vere varierte aktivitetsmoglegheiter,  alt i frå kreativ utføring med penn og papir til programmering av elektronikk, gaming, robotar og sensorikk. Vi vil dykke inn i den kreative, virtuelle og matematiske verda i lag.

Sommarcamp 1 :: 27 - 29. juni :: kl 09:00 - 15:00
Sommarcamp 2 :: 4 - 6 juli :: kl 12:00 - 18:00

Samarbeid med Ulstein kommune og Sparebanken Møre

Påmelding: Til Ulstein kommune.
Påmeldingfrist: Invitasjon med påmeldingsfrist blir sendt ut frå Ulstein kommune via skulane.

Vis arrangement →
Kurs i promotering med sosiale medier
feb.
25.
10:00 a.m.10:00

Kurs i promotering med sosiale medier

Velkomen til kurs i promotering med sosiale medier på Skaparhuset i Ulsteinvik 25. februar!

Har du ein hobby, ein lidenskap eller ei lita bedrift du vil vise fram på sosiale medier? Kanskje ønskjer du berre å synleggjere det du driv med, kanskje ønskjer du å tene på det – eller ønskjer du mest av alt å møte ein triveleg gjeng over ein kaffi og lære noko nytt medan?

Anten du skriv dikt, syr, snikrar, tek bilete eller har noko anna du vil formidle vil vi hjelpe deg å verte meir synleg på sosiale medier. Ikkje berre det, vi vil at du skal få fram det som er unikt med deg og det du viser fram.

Kurset passar for nybyrjarar og dei som har middels peiling på sosiale medier, mobil og data.

Pris: Kr 1200,- per person for 6 timar. Kaffi og kake er inkludert i prisen.

Kurshaldarar: Systrene Ingvild Steinsvik Mork og SIlja Haddal Mork – begge med lang erfaring med grafisk design og digital marknadsføring. I tillegg er dei typiske "datadøtre" som fiksar problem med mobilen, dataen, TV-en eller internettet.

Meir info og påmelding her: www.datastyr.no

Vis arrangement →
TechJAM i vinterferia 2023
feb.
21.
til 23. feb.

TechJAM i vinterferia 2023

Vil du bli med på ei inspirerande og lærerik vinterferie?

TechJAM ER UTSETT GRUNNA LITE PÅMELDING. VI KJEM TILBAKE MED EIN TechJAM FOR UNGDOM MED NY VRI ILA VÅREN.

Skaparhuset inviterer til TechJam for ungdom i vinterferia. Her vil det vere varierte aktivitetsmoglegheiter, alt i frå kreativ utføring med penn og papir til programmering av elektronikk, drone, robotar og sensorikk. Vi vil dykke inn i den kreative, virtuelle og matematiske verda i lag. Velkommen til skaparhuset.

Dato Vinterfeire, veke 8, 21 - 23.Februar, 09:00 - 15:00
Aldersgrense 13 - 21 år (8.klasse til 3.klasse vgs)
Pris gratis

#3DPrint#Elektronikk #VirtuellRealitet #Laserbrenner #Microbit #Arkade #Drone #Arduino #RasberryPI #Rakett #OttoROBOTS

Arrangamentet er sponsa av lokale bedrifter

Vis arrangement →
Skaparlunsj 15.Februar - trenger vi å ta vare på havet?
feb.
15.
11:30 a.m.11:30

Skaparlunsj 15.Februar - trenger vi å ta vare på havet?

Vi ønsker velkommen til Skaparlunsj 15.Februar 11:30 - 12:30.

Trenger vi å ta vare på havet?

Det er stadig større press på havet og ressursane vi finner der. Vi trenger kunnskap i heile verdikjeda frå økonsystemets tilstand til fangst, forvaltning, ernæring og helse. Runde Miljøsenter tek turen til Skaparhuet og vil gi oss eit innblikk i kva som er på vei til å skje med havet. Er framtida til havet god eller er det nødvendig å endre kursen?

Det blir servert lunsjmat, eit kort innlegg av teknologisk natur og prat rundt borda. Velkommen til Skaparhuset for eit uformelt møtepunkt i kvardagen.

Det er åpent for alle å delta.

Prisen på 150,- går til å dekke innkjøp av lunsj.

Påmelding: https://forms.gle/fqQ9MP8VuBFMpGS88

Vis arrangement →