Tilbake til alle arrangementer

Skaparlunsj 15. mars

  • Skaparhuset 30 Sjøgata Ulsteinvik, Møre og Romsdal, 6065 Norway (kart)

Vi ynskjer velkomen til Skaparlunsj 15.mars kl 11:30 - 12:30.

FESTIVALØYA

Frå juni til august skal det arrangerast heile ÅTTE festivalar på Hareidlandet.

Det startar med Smak av Ulstein og Ulsteinmessa, og fortset på rekke og rad med Heimebanefest, Langerysta, Opplev Hareid, Brandalsdagane, SommarFLØrt og Trebåtfestivalen.

Dette gjer øya til ein einaste stor festivalsommar. Det unike i år er at representantar frå Ulstein, Hareid, og dei aktuelle festivalane, no har gått saman og einast om både datoar, felles profilering, logo, og namnet FESTIVALØYA!

Ser vi starten på eit nytt kultursamarbeid? Kom og høyr om planane og diskuter potensialet dette kan ha også ut over Hareidlandet.

Det blir servert lunsjmat, eit kort innlegg av innovativ natur og prat rundt borda. Velkommen til Skaparhuset for eit uformelt møtepunkt i kvardagen.

Det er ope for alle å delta.

Prisen på 150,- går til å dekke innkjøp av lunsj.

Påmelding: https://forms.gle/BfrCeqfJ13FYTwb37

Tidligere arrangement: 25. februar
Kurs i promotering med sosiale medier
Senere arrangement: 12. april
Skaparlunsj 12. april kl 11:30-12:30