BLI MED PÅ IOT-SEMINAR MED DANIEL ETTER LUNSJEN! Bruk same påmeldingsskjema.
Vi ønsker velkomen til Skaparlunsj 27. september kl 11:30 - 12:30.
Innlegget denne dagen er frå Daniel Westervik, COO i Invig AS. Lurer du på kva som skjuler seg bak forkortingar og omgrep som IOT, sensorikk eller digital tvilling? Daniel vil forklare dette med praktiske døme og vise kva utfordringar og problem bruk av digital teknologi kan vere med å løyse.
“IoT” og “Industri 4.0” har eksistert i mange år, men er på langt nær utnytta i den grad som er mogleg. Dette gjeld både offentlege og private verksemder. På dette området har bedrifter svært god nytte av å lære av kvarandre på tvers av bransjar og sektorar. Vi ser fram til spennande innlegg, spørsmål og erfaringsutveksling.
Det blir servert lunsj medan vi tar praten om dagens tema rundt borda. Det er ope for alle å delta.
Pris: Invig AS spanderer lunsjen i dag.