Tilbake til alle arrangementer

Ope hus på Trebaatfestivalen

  • Skaparhuset 30 Sjøgata Ulsteinvik, Møre og Romsdal, 6065 Norway (kart)

Vi feirar kronprinsparet med ope hus på Skaparhuset

I sommar fyller både kronprins Håkon og kronprinsesse Mette-Marit 50 år. Dei skal mellom anna feire med «bakgårdsfest» på Slottet 25. august, med folk frå heile landet som gjestar. Dit er Kjersti Kleven så heldig å vere invitert! Ho gler seg stort til å delta på festen, men så var det dette med gåve. På invitasjonen står det at kronprinsparet ikkje ynskjer gåver, men at deltakarane gjerne kan gjere noko til glede for nærmiljøet sitt og slik la fleire få ta del i feiringa. Kjersti inviterer derfor til ope hus på Skaparhuset under Trebaatfestivalen laurdag 19. august. Dette er også 50 års-dagen til kronprinsesse Mette-Marit, medan kronprinsen sin dag var 20. juli.

På Skaparhuset kan du prøve det denne kreative verkstaden har å by på; 3D-printe, køyre Bolt-ball, VR-briller, kanskje redesigne eit hårstrekk av stoffrestar eller lage eit klistremerke? Kodeklubben vil vere med og vise kva dei styrer med. – Men blir det svele-robot, skal tru?!?

Som ei helsing til 50-års-jubilantane vil vi legge ut bilde og film på sosiale media merka med #vårtnorge, så får kongefamilien og andre sjå. Om representantar for lag og organisasjonar stikk innom eller legg ut ei helsing, frå vi også vist fram dei aktive lokalsamfunna vår på Søre.

#vårtnorge

Foto: kongehuset.no

G R A T U L E R E R!

Tidligere arrangement: 27. juni
SommarCAMP 2023
Senere arrangement: 27. september
Skaparlunsj 27. september: IoT - internett mellom ting