Sensorikk/sensorteknologi
Bli med på to kreative og lærerike temadagar på Skaparhuset i Ulsteinvik. Du vil få grunnleggande innføring i bruken av sensorteknologi, og du får høyre korleis ulike bedrifter brukar denne teknologien i det daglege. Du får også vere med på å utforske sensorteknologi gjennom praktisk oppgåveløysing.
Dag 1: Fredag 9. februar kl. 09:00–15:00
Dag 2: Fredag 16. februar kl. 09:00–15:00
Sensorteknologi handlar om å bruke ulike slags sensorar for å samle inn informasjon frå omgjevnadane våre. Dette kan inkludere måling av alt frå temperatur og fuktigheit til måling av lyd, lys eller rørsle.
Både i næringslivet og det offentlege blir sensorteknologi brukt til svært mange ulike formål. Teknologien kan vere nyttig i alt frå berekraft og energieffektivisering til tenesteutvikling, skadeførebygging og samfunnsplanlegging.
Vi inviterer 10 deltakarar frå arbeidslivet til å delta i kurset «Sensorteknologi» i lag med elevar frå VG2-klassa i Informasjonsteknologi og medieproduksjon ved Ulstein vidaregåande skule, i tillegg til digitale talent frå Oppfølgingstenesta og/eller NAV.
Målet er at ungdom under utdanning og vaksne i arbeid skal lære i lag. Samtidig vil bedrifta få nytting kunnskap om ungdom og dagens utdanning, til nytte for framtidig rekruttering. Elevane vil sjå relevansen av det dei lærer for framtidig yrkeskarriere.
Arbeidsmetode
Vi skal jobbe med konkrete oppgåver som skal løysast, mellom anna ved å plassere ut ulike sensorar i miljøet inne og ute. Ably AS og Ulstein kommune vil sette oss på sporet, ved å fortelje og vise korleis dei nyttar denne teknologien i sine verksemder.
Teknisk utstyr
Vi vil gi ein introduksjon til utstyret som skal nyttast, det vil bli gitt god rettleiing undervegs, så forkunnskapar er ikkje nødvendig.
Kven passar dette for?
Vi ynskjer deltakarar som har bruk for denne kompetansen i jobben sin og som vil vere med å teste ut nye læringsmetodar gjennom praktiske oppgåver. Vi har ingen krav til kva jobb du som deltakar har til dagleg. Ulik fagleg bakgrunn vil gi god tverrfagleg læring til gruppa. Dersom fleire deltek frå same bedrift, aukar utbyttet for bedrifta.
Desse står bak prosjektet
Skaparhuset: Prosjektleiing og læringsarena
Ulstein vidaregåande skule: Fagleg ansvarleg
Høgskulen i Volda: Dokumentasjon og følgjeforsking
Mafoss: Forankring i regionalt næringsliv
Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom «Skaparkraft»-programmet.
Programskisse
Begge dagane vil det bli små avbrekk med ulik relevant info og aktivitet. Pausar etter behov.
Påmeldingsfrist: Snarast. Vi har framleis nokre ledige plassar.
Spørsmål kan rettast til Monika Haanes Waagan på 41632439 eller monika@skaparhuset.no