Tilbake til alle arrangementer

Kurs i promotering med sosiale medier

  • Skaparhuset 30 Sjøgata Ulsteinvik, Møre og Romsdal, 6065 Norway (kart)

Velkomen til kurs i promotering med sosiale medier på Skaparhuset i Ulsteinvik 25. februar!

Har du ein hobby, ein lidenskap eller ei lita bedrift du vil vise fram på sosiale medier? Kanskje ønskjer du berre å synleggjere det du driv med, kanskje ønskjer du å tene på det – eller ønskjer du mest av alt å møte ein triveleg gjeng over ein kaffi og lære noko nytt medan?

Anten du skriv dikt, syr, snikrar, tek bilete eller har noko anna du vil formidle vil vi hjelpe deg å verte meir synleg på sosiale medier. Ikkje berre det, vi vil at du skal få fram det som er unikt med deg og det du viser fram.

Kurset passar for nybyrjarar og dei som har middels peiling på sosiale medier, mobil og data.

Pris: Kr 1200,- per person for 6 timar. Kaffi og kake er inkludert i prisen.

Kurshaldarar: Systrene Ingvild Steinsvik Mork og SIlja Haddal Mork – begge med lang erfaring med grafisk design og digital marknadsføring. I tillegg er dei typiske "datadøtre" som fiksar problem med mobilen, dataen, TV-en eller internettet.

Meir info og påmelding her: www.datastyr.no

Tidligere arrangement: 21. februar
TechJAM i vinterferia 2023
Senere arrangement: 15. mars
Skaparlunsj 15. mars