Fredag 20. september kl.8:30 får vi besøk av Åse Wetås, direktør i Språkrådet, og Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum, på Skaparhuset. Alle er velkomne! Tema for møtet er kommunikasjon, språk og kunstig intelligens. Vi kjem til å prate om;
Språkrådet som samfunnsaktør og korleis vi i næringslivet kan bruke tenestene deira
Auka turisme gir behov for ein meir kompleks kommunikasjonsstrategi – korleis kan vi tilpasse oss reiselivet og samstundes bevare språkleg og lokal identitet?
Korleis påverkar kunstig intelligens dagleg drift og kva er konsekvensane?
Vi ser fram til informasjon og god diskusjon rundt desse spørsmåla. Velkomne 🙂