3D-printing / additiv produksjon (dag 1)
Bli med og få grunnkunnskap om 3D-printing. Prøv sjølv og lær korleis bedrifter rundt oss nyttar 3D-printing i produktutvikling, forbetringsarbeid og produksjon. 3D-modellering og 3D-printing har eit veldig stort potensiale og kan nyttast til svært ulike formål. Det er også ulike måtar å 3D-printe på og ein kan nytte ulike materialar, som pulver, plast eller plater.
Det er gratis å delta. Påmeldingsfrist: snarast
Arbeidsmetode
Vi skal jobbe med konkrete oppgåver som skal løysast ved konkret modellering i eit 3D-verktøy og modellen skal printast. Jets, Mowi og Prodtex vil sette oss på sporet ved å fortelje og vise korleis dei nyttar denne teknologien i sine verksemder.
Programvare
Vi vil gi ein introduksjon til Fusion. Tinkercad kan også nyttast. Dette er enkle CAD-program å sette seg inn i og det vil bli gitt god rettleiing, så forkunnskapar er ikkje nødvendig.
Kven passar dette for?
Vi ynskjer deltakarar som vil ha nytta av denne kompetansen i jobben sin, og som i tillegg vil vere med å teste ut nye læringsmetodar gjennom praktiske oppgåver. Ulik fagleg bakgrunn vil gi god tverrfagleg læring til gruppa. Dersom fleire deltek frå same bedrift, aukar utbyttet for bedrifta.
Vi inviterer 10 deltakarar frå arbeidslivet til å delta i lag med 10 elevar frå VG1-klassa i Informasjonsteknologi og medieproduksjon ved Ulstein vidaregåande skule, samt digitale talent frå Oppfølgingstenesta og/eller NAV.
Målet er at ungdom under utdanning og vaksne i arbeid skal lære i lag.
Program 25. oktober:
Begge dagane vil det bli små avbrekk med ulik relevant info, aktivitet og pausar etter behov.
09:00 Velkomen og bli kjent
Felles introduksjon til programmet
Jets, Prodtex, Mowi – kva brukar vi 3D-printing til?
Oppgåve som skal løysast i grupper
11:30 Lunsj
Fusion – intro
Gruppene jobbar med oppgåva
Vi viser dei andre modellen vi har laga og trykker «print»
Kort førebuing til dag 2
15:00 Slutt
Program 1. november:
09:00 Velkomen og takk for sist
Læring frå dag 1 og intro til dag 2
Jobbe med sjølvvald prosjekt i gruppene
11:30 Felles lunsj og status-rapport
Vidare arbeid i gruppene
Prosjektpresentasjon
Dette lærte vi om modellering og 3D-print, kva det kan nyttast til og om det å lære i lag
15:00 Takk for no!
Spørsmål kan rettast til Kjersti Kleven på mobil: 918 47 092 eller kjersti@skaparhuset.no