Teknologi og Forskningslære - Utvikling av havbøye

Ulstein vidergåande skule med faget teknologi og forskningslære har eit spennande prosjekt på gang om dagen. Med læraren Sveinar Kleive bak spakane er elevane i gang med eit samarbied med Runde Miljøsenter og NTNU. Her er målet å lage ei havbøye som kan kartlegge og måle havstraumar på ulike dybder i havet. Her er elektronikken programmert og bøya designa av elevane. Sjølve havbøya blir 3Dprinta med miljøvennlig materiale på Skaparhuset. Lærerikt opplegg for både elev og lærar.

I desse dagar nærmar det seg felttest i havet. Vi gler oss til å høyre om løsninga fungerer.

Guest UserSkaparhuset