Honeybee

Vi i 2. klasse, på Sal og Reiseliv, frå Ulstein Vidaregåande Skule, har dei siste vekene brukt mykje tid på Skaparhuset. Vi har eit skuleprosjekt, som går ut på å danne ei ungdomsbedrift. I denne bedrifta sel vi leppeprodukt basert på honning. Produksjonen av desse produkta har skjedd på Skaparhuset. I tillegg til produksjonen av sjølve innhaldet som vi har fiksa sjølv, har vi også hatt opplæring av skaparguiden, i maskiner og apparat for å danne emballasje og etikettar.

Vi er overraska over kor gode resultat ein kan få med hjelp av desse maskinene og apparata, spesielt når ein ikkje har mykje kunnskap frå før. Dette viser at så lenge ein er på rett stad, har rette program og den rette læraren so går det meste ann 😉

Vi syns det er kjekt at Ulsteinvik har ein slik stad å tilby til dei som ønskjer å vere kreative, og kanskje treng eit «miljøskifte» frå enten heimen, klasserommet osv. Vi ser fram til å fortsette produksjonen på Skaparhuset.



2 SR Ulstein VGS - ungdomsbedrifta Honeybee

Guest UserSkaparhsuet