Tilbake til alle arrangementer

Kodeklubben

  • Skaparhuset 30 Sjøgata Ulsteinvik, Møre og Romsdal, 6065 Norway (kart)

Kvar mandag 19:00 - 21:00 har Kodeklubben Ulsteinvik opne dører på Skaparhuset. Ein kan ta med eigne prosjekt eller få idear frå oss til ting ein kan prøve seg på. Det blir høve til å nytte 3D-printerane, laserkutter, elektronikksett verktøy og mykje anna flott utstyr som er tilgjengeleg på Skaparhuset. Vi i kodeklubben er der og kan hjelpe med både teknikk og inspirasjon.

Har du lyst til å fjernstyre loftstrappa, eller lage eit dataspel du skulle ønskje fantest? Kanskje har du lyst til å lage ei maske med laserlys og eit kostyme med LED-effekter? Eller ei drone med robotarm? Makerspace er der slike ting kan gå frå ide til virkelegheit!

Arrangementet er tiltenkt for ungdommar, men åpent for alle aldrar og delta. Ein fin arena for å ta i bruk Skaparhuset på fritida.

Tidligere arrangement: 28. juni
SommarCAMP 28.Juni - 1.Juli
Senere arrangement: 7. september
Skaparlunsj 7.September - ÅKP