OBSOBS! Endring grunna nye retningslinjer rundt Korona/Omikron.
Sidan dei nye retningslinjene ikkje er passande med tanke på mange kontaktflater og tilfeldige kohortar innom endrar vi på opplegget. Det er no mulig å booke Skaparhuset i desember for grupper som ønsker å arrangere juleverkstad i privat regi. Her er det god plass, utstyr og kjøkken tilgjengelig for ein kreativ juleverkstad.
Prisen er 2500,- for ein kveld med Skaparguiden som hjelper til med det tekniske. Dato for arrangamentet velger dere sjølv.
Arrangementet blir då lukka for den kohorten som reserverar lokalet.
Ta kontakt på kjersti@skaparhuset.no eller på telefonnummer 91847092 for booking.
Eksempel på aktivitet
- 3D print av eigen julepynt til treet
- Laserbrenning av julebakst med eigen dekorativ kunst
- Lodding av blinkande julepynt.
- Mekking av kreative koblinger til juletreet.
- Reise som julenisse i ein virtuell realitet for å dele ut julegaver.
- Julefilm på storskjerm
- Sy julesokkar
- Reparere brukte saker som du vil gi vekk til jul.
- Lage din eigen juletrefot
- Drikke gløgg, spise julekaker og mandarin.
- Lage julekrans
Dersom du skal 3D printe eller bruke laserbrenner anbefaler vi å ta med eigen PC.