Vi inviterer til juleverksted på Skaparhuset i desember. Kvar tirsdag frå 19:00 og utover blir det muligheit for å nyte ei kreativ atmosfære. Her er det god plass, utstyr og kjøkken tilgjengelig for ein kreativ juleverkstad.
Eksempel på aktivitet
- 3D print av eigen julepynt til treet
- Laserbrenning av julebakst med eigen dekorativ kunst
- Lodding av blinkande julepynt.
- Mekking av kreative koblinger til juletreet.
- Reise som julenisse i ein virtuell realitet for å dele ut julegaver.
- Julefilm på storskjerm
- Sy julesokkar
- Reparere brukte saker som du vil gi vekk til jul.
- Lage din eigen juletrefot
- Drikke gløgg, spise julekaker og mandarin.
Drop-in 200,-
Dersom du har eigne prosjekt som du vil holde på med så ta med dei. Vi har mykje utstyr som kan hjelpe deg mot målet.
Kom gjerne som ei gruppe og bruk plassen. Gi gjerne lyd i forkant om dere er mange på tobias@skaparguiden.no.
Dersom dere vil bruke lokalet privat regi kan dere ta kontakt for å booke lokalet. Prisen er 2500,- for ein kveld med Skaparguiden som hjelper til med det tekniske.