Drivhus for dei gode ideane

Nettside-Skaparhuset-Ulsteinvik.jpg
 

Skaparhuset er i ferd med å etablere seg ved sjøkanten i Ulsteinvik. Huset skal vere eit møtepunkt for nyskaping og læring; eit drivhus for dei gode ideane og ein arena for læringslivet.

 

Tegneren har vi fått forske oss fram til eit dynamisk logo- og profilprogram for Skaparhuset. Vi har søkt eit leikent uttrykk med menneskeleg og varm undertone. Logoikonet er ei enkel 3D-teikning av eit hus. Huset er av typen vi alle teikna på barneskulen; her transparent med assosiasjonar til eit drivhus. Huset kan snurrast og visast frå ulike kantar - og slik også framstå ukjenneleg. Endra innfallsvinkel gir nye perspektiv.

 
skaparhuset-logoprogram.jpg

I symbollæra er huset mennesket sitt eksistensielle midtpunkt og krystallisering for sivilisasjonen sine første landevinningar. I draumeverda er hus symbolet på det som foregår inne i oss.

 

Ikonet kan også sjåast som ein uslipt diamant, eit stilisert hjerte eller eit nettverk.

Tegneren takkar for givande oppdrag – og vi gler oss til å sjå ringverknadane av etableringa av dette møtepunktet for innovasjon og samarbeid. Og kanskje kan logoen inspirere til undring, forsking og refleksjon?

Therese Myrene Aurvåg

Designar hos Tegneren

Therese Myrene Aurvåg